Gratis utlån av terrengsyklar
Har du lyst til å prøva terrengsykling på Midtfjellet?
Fitjar Idrettslag tilbyr gratis utlån av terrengsyklar til alle som vil utforska dei flotte løypene på Midtfjellet. Dette er eit lågterskeltilbod for både born, ungdom og vaksne som vil oppleva sykkelglede i flotte omgjevnader.
Tilbodet omfattar seks fulldemparsyklar for alle frå 10 til 100 år, og tre mindre syklar for born frå 4 til 10 år.
For å låna sykkel tek du kontakt for å avtala utlån og visning. Daniel eller Erlend møter opp, hjelper med tilpassing av sykkelen og gir gode tips for ein trygg og kjekk sykkeltur.
Kontaktpersonar:
Erlend: +47 932 12 889
Daniel: +47 481 31 539
Tilbodet er gratis og ope for alle som vil prøva terrengsykling på Fitjar.
For meir informasjon kan du bli med i Facebook-gruppa «Stisykling på Fitjar».
Fitjar IL ønskjer også fleire engasjerte medlemer, både i sykkelgruppa og i andre aktivitetar. Bli med på laget!