Øyriket, fjorden og fjella i Sunnhordland byr på ein svært rik og variert geologi som har prega både kommunane, regionen og Vestlandet, men óg land langt frå våre grenser i oppsiktsvekkande grad.
Samarbeidsrådet for Sunnhordland starta i 2015 eit prosjekt som skulle undersøke muligheten for å skaffe ein UNESCO Global Geopark-status på regionen, basert på den interessa denne regionen har vakt i akademia sidan 1880-talet. Dette lukkast i 2023, då Geopark Sunnhordland fekk status som UNESCO Global Geopark på grunn av den varierte berggrunnen med synlege spor etter platetektonikken, samt den gruvehistorikken som strekker seg heilt bak til steinalderen.
Geopark Sunnhordland med UNESCO-status er no ein solid og positiv regionsmarkør som skal vera eit redskap for reiselivet og gje oppveksande slekter, gje innsikt i korleis landskap har oppstått og korleis berggrunnen har prega kulturen vår. Gjennom kunnskap aukar respekten for naturen me lever i og av.
Sunnhordlands geologi har lenge interessert mange, og lista over geologisk litteratur og hovudoppgåver frå dette området er oppsiktsvekkande lang. Øyarkipelet og geologien i havkanten har prega kulturen vår i 11 000 år, anten det gjeld redskap, kommunikasjon og farkostar, mat og næringsliv.
Grønstein og ryolitt frå Bømlo var nytta av steinalderfolket gjennom ufattelege 6000 år.
Bergens middelalderkyrkjer er bygd av kleber herifrå, det meste av middelalderens baksteheller langs kysten og i Vesterhavsøyane er av klorittskifer frå Ølve.
Marmoren vår pregar kongens København og den dansk-norske øya St.Croix i Karibien, svovelkisen la grunnlaget for storindustri.
Bygginga og utslep av fleire av dei største oljeriggane gjort mogleg av fjorddjupna her, m.a. til Utsirahøyden.
Moster Amfi, Sunnhordland Museum og Folgefonnsenteret i Rosendal er geoparkens besøkssentra. Med desse tre solide institusjonane på laget er Geopark Sunnhordland usedvanleg godt kvalifisert m.o.t. fasilitetar som presenterer vår geo-arv av internasjonal klasse.
Med base i Mosterhamn og dei tre portalane skal geoparken formidle geologi- og landskapshistoria vår til skuleverk og reiselivsnæring. Den skal bidra til å styrke kunnskap og identitet for fastbuande, og bidra til auka omsetjing for ei berekraftig reiselivsnæring.
Hovudbase i Mosterhamn
Portal for geo-arv
Rosendal
Fagrådet til geoparken, beståande av geologar og arkeolog frå UiB, har vald ut Fitjarøyane som geologisk lokalitet av verdi for UNESCO-statusen. I tillegg er Fitjar sentrum vald som lokalitet av kulturell interesse, pga steingarden rundt kyrkja der stein frå den tidlegare middelalderkyrkja er gjenbrukt og lett synleg (td. v/porten), samt steinmuren i Fitjartun, hogd av Hjalmar Taipale, og landskapet med si rike kulturhistorie frå bronsealder og vikingtid.
Fitjarøyane er eit øyarkipel av 468 millionar år gammal granitt laga i vulkanane som «vaks opp» i Iapetushavet sør for Ekvator då kontinenta Laurentia og Baltika rév mot einannan så havbotnen sprakk, og der kontinentkollisjonen etterkvart bygde opp Den Kaledonske Fjellkjeda.
Fitjarøyane er óg KULA-område, dvs kulturlandskap av nasjonal verdi i ordninga som Riksantikvaren administrerer.
UNESCO Global Geopark-statusen gjev Sunnhordland internasjonal kredibilitet som berekraftig reisemål med geologi og landskap av internasjonal og vitskapleg verdi.