Frå lokal tradisjonsmat og fersk laks til thaimat og legendarisk softis. Opplev smaken av Fitjar i unike omgivnader.
I Fitjar kan du få deg noko godt å eta i rolege omgjevnader, frå tradisjonell komle til fersk laks og lokalbrygga øl.
God heimelaga mat på campingplassen inst i Hellandsfjorden. Ope for catering og lukka lag.
Her får du pizza, hamburger og den kjende softisen som folk køyrer langvegsfrå for å eta.
Ekte thaimat servert frå vogna utanfor Rema 1000. Raskt og veldig godt.
Mikrobryggeriet ELØ hevdar at den særs gode vasskvaliteten frå toppen av Midtfjellet har mykje å seie for det gode ølet som vert brygga her. Geologien i Sunnhordland gjev grunnlag for både godt drikke og fruktbart jordsmonn.
Fitjarfestivalen
18.–21. juni 2026
Gjer deg klar for ei langhelg med musikk, stemning og festivalglede midt i hjartet av Fitjar. Her blir det konsertar, allsang, stands, Bjørnis, hoppeslott, god mat og opplevingar for både born og vaksne. Bli med på sommarens høgdepunkt på Fitjar!
🎟️ Sikra deg billettar her:
Følg Fitjarfestivalen på Facebook for oppdateringar, program og nyheiter.