Kyrkja på Fitjar

IMG_0883 1

Midt i Fitjar sentrum, med utsyn mot Håkonarparken, finn du Fitjar kyrkje. Ei kyrkje med lange tradisjonar og mykje historie i veggane.

Kyrkjeklokka i Fitjar kan vera nærare 1000 år gamal, og er dermed ei av dei eldste i landet. Ho gjorde tidlegare teneste i kyrkja som vart riven då noverande kyrkje vart bygd i 1867.

Gjennom sommaren held kyrkja ope for deg som ynskjer eit roleg avbrekk, vil tenna eit lys, eller berre ta turen innom for å oppleva kyrkjerommet og historia.

For informasjon om opningstider og arrangement, sjå nettsida eller Facebook-sida til Fitjar sokn:

Nettside: Fitjar kyrkje – Fitjar kyrkje
Facebook: Facebook

Fitjarfestivalen
18.–21. juni 2026

Gjer deg klar for ei langhelg med musikk, stemning og festivalglede midt i hjartet av Fitjar. Her blir det konsertar, allsang, stands, Bjørnis, hoppeslott, god mat og opplevingar for både born og vaksne. Bli med på sommarens høgdepunkt på Fitjar!

🎟️ Sikra deg billettar her:

www.ebillett.no/fitjar

Følg Fitjarfestivalen på Facebook for oppdateringar, program og nyheiter.