Fiskarbondakåno

1.Fiskabondekåno

Ta turen til skulpturen Fiskarbondekåno, ein lett og fin tur som passar for både små og store. Turen er om lag éin kilometer kvar veg og tek rundt 45 minutt tur/retur i roleg tempo.

Frå parkeringsplassen ved Nesevegen følgjer du ein tydeleg trasé gjennom ope kystlandskap. Første delen går på ein breiare veg, før du kjem inn på ein smalare sti som slyngjer seg gjennom lyng og svaberg. Undervegs får du fin utsikt og kjenner den friske lufta frå havet.

Vel framme finn du ein benk der det er fint å ta ein pause og nyte utsikta vestover mot havet.

Historie

Fiskarbondekåno står og ser utover Selbjørnsfjorden. Skulpturen er ei påminning om livet langs kysten, og kvinnene som hadde ansvaret heime med gard, barn og kvardagsliv, medan mennene drog ut på ofte farlege fisketurar.

Staden har også si eiga historie. Etter at båten «Tedno» gjekk på land i nærleiken tidleg på 1900-talet, vart det sett opp ei lykt som vart tent i vinterhalvåret. Ho stod i bruk heilt fram til 1960-talet.

Greitt å vite før du går:

  • Stien kan vere fuktig enkelte stader, spesielt etter regn
  • Du går gjennom område med beitedyr – vis omsyn
  • Hugs å lukke grinder etter deg

Ein enkel og kjekk tur som gir mykje oppleving på kort tid.