Midt i Fitjar sentrum, med utsyn mot Håkonarparken, finn du Fitjar kyrkje. Ei kyrkje med lange tradisjonar og mykje historie i veggane.
Kyrkjeklokka i Fitjar kan vera nærare 1000 år gamal, og er dermed ei av dei eldste i landet. Ho gjorde tidlegare teneste i kyrkja som vart riven då noverande kyrkje vart bygd i 1867.
Gjennom sommaren held kyrkja ope for deg som ynskjer eit roleg avbrekk, vil tenna eit lys, eller berre ta turen innom for å oppleva kyrkjerommet og historia.
For informasjon om opningstider og arrangement, sjå nettsida eller Facebook-sida til Fitjar sokn:
Nettside: Fitjar kyrkje – Fitjar kyrkje
Facebook: Facebook