Potetbygda Fitjar

Kvalitet i kvart bit – frå fjellvatn til matbord

Vår stolte favoritt: Fitjarpoteta

Du kjenner sikkert til at det finst eit utal ulike potetsortar. Her i Fitjar har me ein heilt klar favoritt: store, kvite poteter som er mjølne i konsistensen og rike på smak.

Sorten har eigentleg eit flott offisielt namn, men her lokalt kallar me dei Kvite engelske poteter – eller aller helst berre Fitjarpoteter.

Visste du? Potetsortar skil seg òg i blomstring. Nokre har så vakre blomar at dei kan dyrkast i potte som prydplante!

Stolte potettradisjonar

I Fitjar et me potet med glede. Det er velkjent i nabobygdene at skal ein servera middag til Fitjarfolk, bør ein rekna minst dobbelt så mange poteter som til andre gjester.

Nett so poteto

Eit lokalt uttrykk me brukar om ein særs dugande og allsidig person – ein som er brukande til det meste.

Frå båt til Bryggen

Potetene frå Fitjar var så gode at bøndene rodde heilt til Bergen for å selja dei direkte frå båtane ved Bryggen.

Geologi, jord og vatn

Eit fruktbart samarbeid mellom natur og kultur.

Fitjar er ein del av Geopark Sunnhordland, og geologien spelar ei avgjerande rolle. Det fruktbare jordsmonnet har vore vidgjetent heilt sidan overgangen til bondesamfunnet i steinalderen.

Jordsmonn

Det rike landskapet legg grunnlaget for unike vekstvilkår.

Vasskvalitet:

Mikrobryggeriet ELØ nyttar det særs gode vatnet frå Svartavatnet på toppen av Midtfjellet som ein viktig faktor for det gode ølet sitt.

Kongsgarden Fitjar

Visste du at når du overnattar i Fitjar, så søv du nesten på staden der vikingkongen Håkon den gode hadde kongsgarden sin?

Fitjar har vore ein kongeleg stad sidan uminnelege tider. Lenge før Håkon den gode budde her, var området heim for mektige og viktige menneske. På Rimsvarden, vardebålet du kan vitja på høgda vest for kyrkja, er det funne eit bronsesverd. Funnet fortel at ein mektig høvding ein gong vart gravlagd her.

Midt i sentrum, mellom rådhuset og kyrkja, står monumentet over Håkon den gode, laga av Anne Grimdalen. Statuen vart avduka i 1961, og er eit naturleg stopp på ein rusletur gjennom Fitjar.

Kongsgarden til Håkon den gode låg på jordene aust for kyrkja. I dag kan du gå ein tur til Håkonarbrønnen, den gamle brønnen som låg like ved garden. Her henta tenarane vatn til både folk og dyr – eit lite, men levande glimt inn i kvardagen i vikingtida.

Opplev Fitjar

I Fitjar står naturen i sentrum. Her finn du eit rikt utval av turstiar, fjell, skogsområde og kystlandskap som inviterer til både korte rusleturar og lengre opplevingar i det fri.