Shopping

Ein god handel gjer godt for humøret. Utforsk utvalet i sentrum og finn lokale skattar på gardane.

Lokal handel støttar bygda

Når du handlar i Fitjar, støttar du det lokale næringslivet. Me har eit breitt utval som overraskar dei fleste – frå moderne sportsutstyr til tradisjonsmat rett frå garden. Velkomen til ein hyggeleg handel!

Senter og utval

Larsens Multihandel

Tradisjonsrik landhandel på Fitjar med eit svært variert utval og «alt du kan tenkje deg» under same tak.

Vinmonopolet

Vinmonopolet ligg sentralt i sentrum, i same bygget som Larsen Multihandel og SPAR Fitjar.

MX Sport Larsen

MX Sport Larsen er en lokal sportsbutikk som holder til i Larsenbygget i Fitjar sentrum. Vi tilbyr et godt og variert utvalg av klær og utstyr til både hverdag og aktivitet, for hele familien.

Livsstil og velvære

Varehuset Rydland

Ein unik interiørbutikk med fokus på heim og hytte. Her finn du også klede, kvitevarer og gåveartiklar.

Hårloftet & Duo Hårstudio

Profesjonelle frisørtenester i hjartet av Fitjar. Bestill time for ein forfriskande klipp.

Galleri Flora

Galleri Flora er en blomster og interiørbutikk som er i det gamle bankbygget midt i Fitjar sentrum.

Gardsmat

Hogste Egg

Kortreiste egg frå familiegarden på Hogste. Her får du ferske egg frå høner som har det godt, med fokus på kvalitet, dyrevelferd og ekte lokalmat.

Fitjargarden

På Fitjargarden kan du handla lokalproduserte grønsaker og poteter frå fleire småskalaprodusentar i Fitjar.

Hogste Gardsmat

Smaksrik gardsmat som ost, honning og brød, med ekte smakar frå Fitjar-bygda.

Butikker

Larsens Multihandel

Tradisjonsrik landhandel på Fitjar med eit svært variert utval og «alt du kan tenkje deg» under same tak.

SPAR Fitjar

Lokal daglegvarebutikk med godt utval av matvarer og med ferske bakevarer og varmmatdisk. Perfekt både for kvardagshandel og når du vil ha noko raskt og godt med deg heim.

Rema 1000

Daglegvarebutikk med eit breitt utval av matvarer, frukt og grønt, drikkevarer og hushaldningsprodukt til gode prisar. Her finn du det meste du treng til kvardagen.